mandag 24. november 2008

Den evige by.....

Plutseleg var vi der, Roma. Med eitt var det pizza og pasta på kvart eit hushjørne, is og espresso, mengder med vin og ikkje minst, ein fantastisk arkitektur uansett kor vi snudde hovuda.

Vi overnatta, etter anbefalingar, på Hotel Pincino. Sjekk linken så kjem du inn på Venere.com. Eit supert verkty for å finne hotel i heile Europa. DET var ein digresjon.

Hotelrommet hjå Hotel Pincino....blått!

Det er ikkje ofte ein får vera aleine i Spansketrappene, men eg greidde det jammen!

Attende til Roma. Hotel Pincino ligg midt mellom Spansketrappene og den fantastiske Fontana di Trevi.
Dette er eit perfekt utgangspunkt for det meste i Roma. Alt er i gangavstand! Det må seiast at laurdag gjekk vi 11 timar, men vi fekk med oss mykje. Plasseringa til hotellet er og like ved den mest fancy handlegata i Roma, Via Condotti.

Mat er viktig og vi besøkte mellom anna den fantastiske Pizzeria Monte Carlo. Dette er ein stad der du, i alle fall i november, et saman med dei lokal romerne. Intet mindre en MEGET bra. Porsjonane er enorme og smaken upåklageleg. Dessutan reklamerar dei, saman med Pizzeria da Baffetto som er meir kjent, at dei har Romas beste pizza. Eg blir ikkje overraska om det faktisk stemmer. Dei to stadane er nemleg eigd av same slekta....

Skal du drikke vin så kan vi anbefale Trimani. Dei har ordna med italienske vinar sidan 1821, og har ei viss rutine på dette. Og så har dei ENORME vinglas og super mat.

Det er to stadar til eg må nevne. Den fyrste er Antico Caffè Greco. Eg trur Vidar enda kan kjenne smaken av den fantastisk (dyre) espressoen der.


Den andre er San Crispino som er kjent som den beste isbaren i Roma. Dei har mellom anna vunne det italienske iskremlauget fleire år på rad. Det er nok eit kvalitetsstempel vil eg tru? Isbaren er plassert ikkje så langt frå Trevi. Isen ligg gøymt i metalloppbevaringsboksar som held den perfekte temperaturen for dei ulike issmakane. Temperaturane varierar frå -9 til -18 grader. Det er berre ein ting å si: HIMMELSK!

Eg lura meg til eit bilete gjennom glaset, for ei fantastisk utstilling av godsakar!

Fiume Tevere, elva som renn gjennom byen.

Det er vanskeleg å ta bilete inne i store myrke kyrkjer, og Peterskyrkja er intet unntak. Tilslutt fann eg ut, at viss eg la kameraet på golvet, da ville biletet bli klart sjølv på lang lukkertid. Det var mange takbilete.....

Michelangelo sin berømte kuppel i Peterskyrkja.

Enda meir tak....

Gutta i Sveitsergarden, eller var det Pinoccio som hadde rømt?

Colosseum

Det er lett å la seg imponere av Phanteon. Tenk, dette bygget er frå 118-125 e. kr. Sidan det er hol i taket var det greit at det ikkje regna når vi var der. Dei hadde kanskje ikkje funne ut korleis dei skulle tette slike tak når dei bygde dette "alle guders tempel"? På ei anna side kan det vera greit å få inn litt ljos og....

Konklusjonen er som fylgjande: Såre bein og ALT for lite tid til å nyte denne utruleg vakre byen!


4 kommentarer:

  1. Ser ut som en herlig tur! Har aldri vært i Roma, men får jammen lyst etter å ha lest dette :)

    SvarSlett
  2. Det er rett og slett ein heilt fantastisk by, og perfekt og dra til når ein ikkje har så mykje tid til råds. Alt ligg meir eller mindre innan gangavstand....og så mykje god mat, og is og vin og ost og kaffe!!!!

    SvarSlett
  3. Roma blir du ikkje ferdig med på eit besøk, Brit! Eg har vore der to gonger på eit halvt år, 11 dagar tilsaman, og eg er langt frå ferdig med Roma. :-) Peterskyrkja er forresten oppskrytt, det er mange kyrkjer med like fin arkitektur og mykje større sjel.

    SvarSlett
  4. Eg og har vore der før;) MEN kom meg aldri inn i Peterskyrkja den gongen, var for naken!!

    SvarSlett