fredag 28. november 2008

Skiinfo har fine bilete!


Dette er nemleg bilete av min kjære Vidar! Eit supert bilete som er teke av Nils Erik Bjørholt. Nils er god på bilete, sjekk ut sida hans MAXlys. Skiinfo ja, eg lurer på kor mange gonger eg sjekker det sida i løpet av ein vinter. Eg kan love deg at det er, OFTE. Fleire gonger for dagen. Det er som oftast bestemt av kva som skjer inn på Yr. Kva til vindretning er i vente? Vindretning er viktig både for puddersøk og spot-utvelging i windsurfing. I desse dagar er det sjølvsagt minusgrader og nedbør som er viktigast. Det ser dårleg ut for Hemsedal når det kjem til snøfall i helga, men turen går nå i alle fall dit opp om nokre timar.

Yr er nok den nettsida eg besøkjer oftast, både sommar, vinter, haust og vår. Den dagen eg fann ut at eg kunne laste ned historiske klimadata, ja, det var som julekvelden for meg! Klimageek! Korleis var livet mitt eigentleg før yr? Eg kan ikkje tenke på det ein gong;)

2 kommentarer:

  1. Livet før yr? Du tok berre ut. Du var støtt varm.

    SvarSlett
  2. "Løjen" blogg du har!
    Tykjer så absolutt at du skal blogge om det fine namnet ditt.

    -Brit, frå Skjåk

    SvarSlett