torsdag 31. juli 2008

Endeleg på Storen, 2405 moh!

Store Skagastølstind, 2405 moh, Noregs 3. høgaste topp, endeleg kom vi dit eg og Vidar. Vi har prøvd fleire gonger begge to utan å lukkast. Været har gjort sitt til at det har vore umogleg. Eg har faktisk vore heilt opp på Hjørna (staden der ein startar klatringa), medan Vidar berre har kome fram til breen før lunefullt vær har stoppa bestiginga av Storen.

Vi reiste, frustrerte over oppussinga vår, onsdag kveld etter å ha observert yr.no i lang tid. Det skulle væra fint vær i 2 dagar i Vest-Jotunheimen. Klokka o6.00 torsdag morgon byrja det å klirre i sikringsutstyr hjå ivrige klatrar på parkeringa utanfor Turtagrø. Vi gnei søvnen ut av augene og såg ut på været, ikkje ei sky å sjå. Vi kasta oss rundt så godt vi to greier og byrja gå kl o8.00.
Etter 500 meter måtte i ha fyrste stoppen. Det var for varmt med bukse og genser, shortsen måtte på. Solkrem hadde vi gløymt. Dette var lovande.
Mot vest i Skagadalen ligg Dyrhaugsryggen med Store Dyrhaugstind (2147 moh) som det høgaste punktet. Om ein snur seg og ser nedover dalen ser ein mot nordover mot Jostedalsbreen og Lodalskåpa som stikk opp som ein liten svart hatt. På tur innover dalen passerer ein og den raude hytta til Tindeklubben.

Før vi kjem på bandet må vi over Skagastølsbreen. Heldigvis var den fin å gå på. Seinare på sesongen, når all snøen har smelta, kan den vera litt verre å koma seg over utan stegjern.
Oppe på bandet var det ei fantastisk utsikt som møtte oss. Midtmaradalstindene ragar framfor oss og langt der bak ser vi både Falketind og Stølsnostind. Det er så vakkert at ein nesten mister pusten!

Etter ei lita pause ved hytta på bandet er vi klar for klyving og klatring. Vegen opp til hjørnet er til tider strabasiøs. Stifinnaroppgava er ikkje enkel. Vi tullar oss sjølvsagt for langt til høgre og finst att ute på svaberga. Heldigvis er sikringsutstyret med så det heile ordner seg med nokre enkle sikringar.

Vi hadde på førehand bestemt oss for å gå ei rute som heiter Solskinnsdiederet. Dette er ei forholdsvis ny rute som vart gått fyrste gongen i 1994. Graden er 5-, men med 10 kg sekk var det meir enn nok for meg. Innsteget var heller ikkje så godt å finne, så starten på ruta vart nok litt tyngre enn 5- for å si det slik.
Siste taulengda fekk eg gå utan sekk og da gjekk klatringa som ein leik sjølv om det er ganske så luftig....
Vidar var supersnill og lot meg få sjarmøretappa til topps. Det var to svært blide klatrarar som sto på toppen i varmværet. Det var ikkje eit vindpust å kjenne og utsikta var det heller ikkje noko å si på.


I kveldsola returnerte vi frå toppen og ned til hytta på bandet. Det var fortsatt ikkje ei sky å sjå på himmelen. Vi byrja å kjenne det i føtene nå. Eg kjente det særleg i høgre foten. Det var kanskje ikkje så rart med eit vekesgamalt spikarhol på oversida.
Etter ein dag med så varmt vær var snøen breen god og blaut, men kva er vel betre enn å vri sokkane sine i solnedgang? Ikkje mykje.

Klokka 23.30 var vi nede ved bilen igjen. Det hadde vore ein lang dag med mykje kos! Middagen, som besto av kvar si Solo og ei pakke tortilla chips, vart innteke i ein fei. Snart låg det to tilfredse, trøytte typer i penthouseleilegheita i multivanen og sov si søtaste søvn.....

1 kommentar:

  1. Ser helt fantastisk ut! Veldig glad for at dere endelig fikk realisert turen dere har drømt om så lenge :) Klem

    SvarSlett