lørdag 6. september 2008

Belønning.

Torsdag kom eg i krig med skrivaren og kopimaskina på arbeid. I kampens hete fann eg ut at det var lurt å gå inn slette alt som låg i kø til å bli skrive ut. Dette er ein omstendeleg prosess sidan eg må gå inn til kvar og ein som har bedt om utskrift for å slette oppføringa, og lista var langt. Eg byrja på toppen på lista og leita meg fram til det rette kontoret. Der sat det ei fortvila dame. Ho hadde prøvd å rydde litt i dokumenta sine og plutseleg var alt borte.... Det ein dokumentet skulle leverast inn til trykk i morgon. For å si det mildt så var det krise! Etter eit lite søk på maskina hennar fann eg heile mappa liggande i søppelkorga. Da var det berre å trykke på "restore" og vips var alt på plass igjen. Lykka var stor. Det kom fram i enda større grad dagen etter, altså fredag. Om morgonen sto denne dama plutseleg på kontoret mitt med ein stor vakker blome som eg skulle få. Ho sa unnskyld for at ho i forfjamselsen over dei bortkomne filene ikkje hadde presentert seg i går ,og takka nok ein gong for at eg fann filene att. Ho var så glad! Og eg fekk ein blome! Det er jo heilt fantastisk. Eg går rundt og gliser enda.

1 kommentar:

  1. Så koselig!! Sånt blir man glad for :) Jeg har tenkt så lenge at jeg skal ringe deg, så det skal jeg jammen meg se om jeg ikke får gjort i kveld.
    Diger klem!

    SvarSlett