Det er kaldt i innlandet nå. I dag kan eg lesa på graderstokken at det er -27 grader her i Skjåk. Tungvint kan det bli når ein skal i veg med bil å gjera eit og anna ærend nå før jul. Likevel må eg si at eg er nokså fascinert av denne kulda og det spesielle ljoset som blir når kulda set inn. Korleis snøen knirker når temperaturen søkk på denne måten. Da eg køyrde over Valdresflya i skumringa måtte eg berre stoppe å ta nokre bilete av ljoset og av alle kuldegradane.
onsdag 23. desember 2009
onsdag 2. desember 2009
Ljos og englar
søndag 27. september 2009
Fly.....
Da Jo, min kjære bror, fylte 30 år for eit år sidan fekk han tandemhopp i gave. I helga vart det vær og tid til å få gjennomført dette hoppet. Og det gjekk bra, veldig bra. Dette blir nok dyrt for han.....
Ein siste sjekk, utstyret er ok.
Jo følte seg trygg da han såg denne tassen her.
Blek, men fattet....?
Vusj.........!
I skjerm.
Inn for landing.
Trygt attende på landjorda.
Og eg kan skrive under på at når ein har hoppa....
....så får du ein følelse som gjer at du gliser,
...og gliser...
...og gliser...
...og gliser............ takk for hoppet!












Hylle og kjøkken!
Haust betyr pussing og nå har mykje av kjøkkenet og bokhylla kome på plass. Bokhylla er spesialtilsaga av hyllekomponentar frå ikea. Nå står det berre att å få inn alle bøkene...
søndag 16. august 2009
Det skjer ting i heimen....

Ellers så byrjar det å ta litt form inne på kjøkkenet og. Benken i etehjørnet er kome på plass. MEN den er ikkje fastskruva enda sidan vi har stygge planar om å lage sjukestuggu av den delen her og. Denne benken er og ein liten miljøstasjon med lagring av papir, plast, glass osv. Den er faktisk litt genial! Benkeplata er olja og på plass komen saman med ei hylle i enden.
torsdag 13. august 2009
Orpierre, Alpes-des-Haute-Provence

I den sørlege delen av Alpane ligg Orpierre. Klimaet er relativt godt må eg si. Dei skryt av å ha berre 80 dagar med nedbør i løpet av året. Det pregar og på mange måtar landskapet der. Tørt og avsvidd så sant dei ikkje tyr til kunstig vatning. Og det gjer dei, for her er det storstilt fruktproduksjon. Det er eit av hovudområda for lavendeldyrking, men dessverre var alle åkrane i nærleiken alt hausta til min store frustrasjon og sorg. MEN det var ikkje dette som var hovudårsaka til at vi reiste hit. Heller ikkje det dårlege været i heimlandet. Her finn ein nemleg 4 km med klatreveggar og alt er bolta. I tillegg har dei fokusert på lettare ruter slik at det skal gå an å lære seg kunsten å lede. Ja, det er ikkje det at det ikkje er vanskeleg ruter her. Om ein vil så er det mellom anna ei 8c rute å bryne seg på. Fjellet er fast og fint og boltane sit tett, det er rett og slett perfekt. Nærare 600 klatreruter finn ein i dette området så ein har litt å velge mellom for å si det slik.
Vi budde i telt på ein av campingplassane i landsbyen. Kvar morgon sto vi opp og tusla bort til den lokale kjøpmannen og handla ferske baguettar, pølsesnabbar, skinke, franske ostar, rosèvin og ikkje minst pain au chocolate. Det var eigentleg berre ein ting som var skuffande på mat og drikkefronten, og det var kaffien. Den lagar vi MYKJE betre sjølv.











mandag 10. august 2009
Neste stopp: Hvide Sande, Danmark.

Erik og Heidi var mine fallskjerminstruktørar i 2005, medan Vidar kjenner dei frå både jobb og studiar i Bø. Ja, og så fallskjermmiljøet da. Her er eit lite bilete frå den gongen. Sindre Frigstad har teke biletet!

Vind vart det. I alle fall eit par dagar. Det vart nok vind til at armar og rygg var meir enn mørbanka. Rett og slett sårt vart det. Ikkje nok med at vi fekk med oss Erik, Heidi og Fredrik på tur, men Hilde og Ingrid frå Hemsedal var og på ferie i Hvide Sande. På toppen av dette dukka det hyggelege paret Marit og Bjørnar samt dotter deira Lisa opp. Dei vart vi kjent med i bryllupet til Kathrine og Espen. Det vart med andre ord ein ganske så stor norsk vindsurfingskoloni etter kvart. Her er nokre bilete, og som sagt, det er eit par av Fredrik.










Abonner på:
Innlegg (Atom)