lørdag 28. mai 2011

Ei oppdatering!

NÅ har det gått nokre dagar sidan sist eg la ut noko på bloggen. Det er rett og slett fordi det er så "innihampen" mykje vind at vi rekk ikkje anna enn å vera ute på vatnet. I går hadde vi pausedag og kjørte oss ein tur til Lahaina slik at BT kunne sjå den delen av øya. Her er i alle fall nokre bilete frå dei siste dagane...

Idunn i motvind i skibagen. Skibagen? Fungerer strålande for seil, bom og mast!

BT byrjer å få teken på rigging av seil. Her er han i gang med å rigge 4.0 sin.

Enkelte er betre enn andre. Jay, koreansk vindsurfeproff busett på Maui. Heimesida hans HER.

Paradegata i Lahaina. Det er her du kan hoppe på fiske-, dykke- og snorkleturar.

Litt av dagens fangst, tunfisk. Trur det må bli ein fisketur i løpet av opphaldet. Tenk å få ein sprelsk sverdfisk på kroken......

Pina Colada, det måtte berre testast og i fylgje dama på nabobordet, Lahainas beste.

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagen!! 29. mai er en fin bursdagsdato. Har selv bursdag i dag.Håper dere får fantastiske vindforhold til windsurfing og koslig feiring av dagen.

    Det ser ut som dere har det fantastisk på Hawaii og Idunn blir vant til vind og sol. Skal hilse fra hennes små svømmevenner på onsdager.Hun får vel badet litt innimellom håper jeg.

    Ha det bra og nyt Hawaii videre.

    Kristine (swimming kids)

    SvarSlett
  2. Har du og gjebursdagen din i dag!! Så gøy, og ja, vi er veldig enige i at det er ein fin gjebursdagsdato! Koser oss stort her på Maui. For tida er det meir enn nok vind og i morgon er det ein ny dag med kjemping ute på vatnet. Ha ein god forsommar, sommar og så prates vi til hausten :D

    SvarSlett