lørdag 7. mai 2011

Regn, regn, regn.

I natt vakna Vidar av regnet, til tross for at øyro var stappa fulle av øyreproppar. Og ja, det er kraftig intensitet på regnet som kjem her. Har prøvd å filme ei skur. Denne var ikkje av dei kraftigaste, men litt heftigare enn det eg er van med frå Skjåk i alle fall. Regn er dårleg for stabil og god vind så det var mykje diskusjon i dag tidleg på kva vi skulle gjera i dag. Ut på brettet, eller ikkje? Vi valte å la det ligge. Det viste seg å vera eit fornuftig val. I staden vart det tur til Maui Ocean Center. Det kjem bileter frå der om nokre få straksar, men fyrst REGN!

torsdag 5. mai 2011

Lanai.

Lanai er det Hawaiiske navnet på veranda eller balkong etter det eg kan forstå, og her er vi på lanaien vår. Den er ganske så triveleg og det er skikkeleg fin utsikt. I kveld var det ein behageleg bris frå aust. Nabolaget her er roleg. Nokre hundar som bjeffar ein gong iblant og nokre hanar som kykelikyar ved soloppgang. Vi fann huset her på craigslist. Dette er ein mykje brukt nettstad for å leie/kjøpe det meste. Etter vurderingar og anbefalingar frå andre som har vore her på Maui ville vi vente med å finne hus. Det kan vera greit å sjå det ein skal leige. Det blir arbeidsomt i byrjinga og ein treng telefon. Ja, for eg har fått meg amerikansk mobil! Heile 9 dollar måtte eg ut med for mobilen. Amerikansk nummer og greier. Opplegget er ein slags kontantkorttelefon. Verkeleg genialt og slett ikkje dyrt. Må faktisk henge i skal eg greie å ringe opp dei 12 dollarane som eg fylte på kortet. Men altså, her er lanaien vår:

onsdag 4. mai 2011

Mykje bading på Maui....

Idunn kosar seg stort i vatnet. Vi passar på at ho får seg ein tur, minst,  i våtdrakta si kvar dag. Det kan nok vera lurt å ta med ei våtdrakt til dei minste ungane viss ein vurderar tur hit. Det ikkje er KOKvarmt i vatnet. Sidan stranda er kjent for vinden sin er det ofte nokså friskt når ein kjem opp av vatnet og. Men det er i alle fall ei sone på stranda som er satt av for bading. Berre sjekk biletet.

Bort, vekk med ALT utstyr. ITS THE LAW!!

Friskt!

Meir ekte badeglede, på begge.....

Ein liten testfilm! Jaaaaa! Det fungerte.

mandag 2. mai 2011

God morgon!

Vi har hatt ei god natt i den nye heimen vår. Idunn sov som ein stein heile natta. Ho har slutta med alt som heiter nattmating. Betre søvn for heile gjengen. Om litt skal vi ned på Kanaha Beach. Det er meldt vind utpå dagen i dag. Viss du trykker HER så kjem du inn på eit webkamera over Kanaha. Det er nok ikkje nokon, med unntak av standup padlarar og ein og annan fiskar, før kl 11, 23.00 der heime i Noreg. Etter det tidspunktet vil nok vatnet vera fylt med seil i ulike fargar, så sant det er vind. Nå skal eg lage lunsj. Steikt ris på menyen i dag. Det er nok Idunn glad for!

Vestsida av Maui.

Vel, Vestlandsvegane har fått ein konkurrent, og det er vegen frå Kahului og rundt om nordvestenden av Maui. Her kom, på enkelte stader, nesten ikkje ein vanleg personbil fram. Og det vart ein del rygging i samband med møtande bilar. Vegen var fin og asfaltert, dog noko smal. Vegen slingra seg opp og bort, inn og ut i eit vakkert og vilt landskap. I starten grønt og frodig, på slutten avsvidd og tørt. Så kjørte vi vidare rundt og hadde ein stopp i Lahaina. Dette er utgangspunkt for mange fisketurar og kvalsafariar så her var turistfaktoren noko høg, men vi fekk da sett det ENORME Banyantreet!

Ville klipper rett ut i Stillehavet.

Vegen var til tider imponerande smal!

Beiteland på begge sider av vegen.

...

Ikkje så mykje beite att. Det meste er avsvidd.

Dette er eitt tre. Det er kollosalt!

Strålande tilfreds etter ein ananassmoothie!

Familien Glumm!

Mangosmoothie.

Kva er nå dette her eg har på handa.....trur eg må smake!

Nam, det var DEILIG!! Dette skal eg jammen ete meir av!

søndag 1. mai 2011

Så fekk vi da testa bretta våre.....

Vidar putrer seg utover.
Standa vi driv med vindsurfinga frå er Kanaha Beach.  Det er ei superlang strand som er delt i to når det kjem til aktivitetar. I den eine enden driv kiterane, og i den andre vindssurfarane. Det er fullt av fargerike segl og dragar ute på vatnet, men det er meir enn nok plass til alle. Nå gler eg meg mest til eg byrjer å lære det nye brettet mitt. Eg har gått ned 35 liter, noko som er ganske mykje. Det let seg merke i at eg for det meste ligg i det blaute element og prøvar endre saliniteten i kroppen min ved å svelge saltvatn. Reknar med at det skal gå seg til, eg har tross alt 3 månader på meg. Dei siste dagane har vore litt opp og ned på vinden, men frå mandag skal vinden ta seg opp igjen. Det er bra!

Ellers så har vi vore litt rundt på øya. Det kjem bilete frå det om ikkje så lenge. I morgon er det flytting som står for tur. Da skal vi inn i 1074 Haiku Road. DET trur eg blir bra! Vi har og levert inn den feite Dodgen, og fått ein 95 modell Toyota stasjonsvogn. Den står litt betre til oss trur eg.

More to come.....

Idunn fekk seg raskt ein leikekamerat, Alessandro halvt portugisisk og italiensk. Han er ein dag ynger enn Idunn.

Hardt arbeid!


Og rett i kvitvatnet.

Kjøre utover....



....og inn igjen.