mandag 2. mai 2011

God morgon!

Vi har hatt ei god natt i den nye heimen vår. Idunn sov som ein stein heile natta. Ho har slutta med alt som heiter nattmating. Betre søvn for heile gjengen. Om litt skal vi ned på Kanaha Beach. Det er meldt vind utpå dagen i dag. Viss du trykker HER så kjem du inn på eit webkamera over Kanaha. Det er nok ikkje nokon, med unntak av standup padlarar og ein og annan fiskar, før kl 11, 23.00 der heime i Noreg. Etter det tidspunktet vil nok vatnet vera fylt med seil i ulike fargar, så sant det er vind. Nå skal eg lage lunsj. Steikt ris på menyen i dag. Det er nok Idunn glad for!

Vestsida av Maui.

Vel, Vestlandsvegane har fått ein konkurrent, og det er vegen frå Kahului og rundt om nordvestenden av Maui. Her kom, på enkelte stader, nesten ikkje ein vanleg personbil fram. Og det vart ein del rygging i samband med møtande bilar. Vegen var fin og asfaltert, dog noko smal. Vegen slingra seg opp og bort, inn og ut i eit vakkert og vilt landskap. I starten grønt og frodig, på slutten avsvidd og tørt. Så kjørte vi vidare rundt og hadde ein stopp i Lahaina. Dette er utgangspunkt for mange fisketurar og kvalsafariar så her var turistfaktoren noko høg, men vi fekk da sett det ENORME Banyantreet!

Ville klipper rett ut i Stillehavet.

Vegen var til tider imponerande smal!

Beiteland på begge sider av vegen.

...

Ikkje så mykje beite att. Det meste er avsvidd.

Dette er eitt tre. Det er kollosalt!

Strålande tilfreds etter ein ananassmoothie!

Familien Glumm!

Mangosmoothie.

Kva er nå dette her eg har på handa.....trur eg må smake!

Nam, det var DEILIG!! Dette skal eg jammen ete meir av!

søndag 1. mai 2011

Så fekk vi da testa bretta våre.....

Vidar putrer seg utover.
Standa vi driv med vindsurfinga frå er Kanaha Beach.  Det er ei superlang strand som er delt i to når det kjem til aktivitetar. I den eine enden driv kiterane, og i den andre vindssurfarane. Det er fullt av fargerike segl og dragar ute på vatnet, men det er meir enn nok plass til alle. Nå gler eg meg mest til eg byrjer å lære det nye brettet mitt. Eg har gått ned 35 liter, noko som er ganske mykje. Det let seg merke i at eg for det meste ligg i det blaute element og prøvar endre saliniteten i kroppen min ved å svelge saltvatn. Reknar med at det skal gå seg til, eg har tross alt 3 månader på meg. Dei siste dagane har vore litt opp og ned på vinden, men frå mandag skal vinden ta seg opp igjen. Det er bra!

Ellers så har vi vore litt rundt på øya. Det kjem bilete frå det om ikkje så lenge. I morgon er det flytting som står for tur. Da skal vi inn i 1074 Haiku Road. DET trur eg blir bra! Vi har og levert inn den feite Dodgen, og fått ein 95 modell Toyota stasjonsvogn. Den står litt betre til oss trur eg.

More to come.....

Idunn fekk seg raskt ein leikekamerat, Alessandro halvt portugisisk og italiensk. Han er ein dag ynger enn Idunn.

Hardt arbeid!


Og rett i kvitvatnet.

Kjøre utover....



....og inn igjen.
 

onsdag 27. april 2011

Starboard Kode 86

Starboard Kode 86, det nye brettet mitt.

Litt om livet på Maui og reisa hit.

Som dei fleste sikkert forstår av bileta eg har lagt ut så er det ganske så kos her. Vi kom fram etter 30 timar med fly. I Frankfurt fekk vi problem med å få ut boarding card til Vidar og Idunn. Vi burde kanskje ha forstått det når det småarrogante gold innsjekkingsdama på Gardermoen ikkje greidde å få ut reisa vår lenger enn til Frankfurt. Vi visste at vi hadde dårleg tid, med ein time transfer i Frankfurt, så vi sprang så fort vi greidde med handbaggasjen og Idunn på ryggen. Når vi skulle inn i internasjonal sone så ville dei ikkje sleppe oss inn fordi vi mangla boarding card, men etter litt diskusjon (Vidar slapp å byrje gråte...) kom vi gjennom og fram til gaten. Der hadde alle gått på flyet og det vart fullt virvar når vi kom. Det var ikkje tvil om at vi skulle med, men papira mangla. Flyet måtte vente. Etter mykje fram og attende, fekk vi eit handskrive boarding card og dermed var vi på tur over dammen.

Den lange flyturen (nesten 12 timar) gjekk veldig fint med tanke på at vi hadde med ei lita jente som slettes ikkje fekk ligge ned i noko basinett. Ho sat tålmodig på fanget og sov på tvers over meg og Vidar. Når ho var vaken smilte og showa ho som best ho kunne med alle dei andre passasjerane. Ingen sak!
Flink turist!
 Spennninga når vi landa i Los Angeles var sjølvsagt stor. Ville vi nå få eit helvete med å koma inn i USA. Det var nemleg noko av det dei dreiv å styra med i Frankfurt. Vi kom til skranken i passkontrollen der ein mann med strengt oppsyn og stor bart sat myndig og venta på oss. "Køen sluttar visst aldri" smilte eg og dermed braut han ut i verdas største glis. Eg forsto at her ville alt ordne seg på ein eller annan måte. Det gjekk heilt smertefritt og vi kunne gå ned for å hente ut baggasjen som nå måtte sjekkast inn på nytt før turen ut til Maui. Vi venta og venta, og venta, og venta. Til slutt kom ein mann bort til Vidar, som sto med Idunn på armen, og lurte på om han var Mr Laksy.  Han informerte om at all baggasjen vår fortsatt var i Frankfurt. Vi kunne ikkje anna gjera enn å gå inn på flyet til Maui og tru på lovnaden om at baggasjen ville koma dagen etter.  Den ankom faktisk Maui dagen etter og vi fekk den 2 dagar etter. Det var deilig å få vogna for Idunn.

Leiebilen fekk vi ut raskt og greit og dermed var vi på veg bort til hytta i Haiku. Her skal vi bu i ei veke.
Hytta ved vegen. Idunn er storimponert over vifta i taket.

Så måtte vi byrje å ordne plass å bu for det vidare opphaldet. Vi har sett på to hus. Den eine plassen ligg her i Haiku og den andre nede ved sjøen på North Shore. Må nesten beskrive besøket nede på North Shore. Vi kjørte ned ein smal asfaltert veg, forbi den eine storvillaen etter den andre. Utanfor gjerdene var det pitbullliknande hundar som sat og vurderte oss nøye. Snart kom vi til ein stor villa med ein port der det sto "vokt dem for hunden." Eigaren som vi prata med på telefonen hadde fortald oss kvar nøkkelen låg så vi kunne berre gå inn å sjå. Som vi gjorde. Det var eit heilt fantastisk hus, men det var lenge sidan det hadde budd nokon der. På golvet på kjøkkenet låg det enorme kakerlakkar på ryggen og det var store hårete edderkoppar i spindelvev i taket. Vidar kom plutseleg springande og børsta seg febrilsk i håret og på beina. Han var heilt dekt av små svarte insekt som hadde kravla opp på han. Da eg såg på leggande mine hadde eg og dei same så udyra på meg. Det vart ikkje så vanskeleg å si nei til den plassen likevel til tross for at den var fantastisk. Vi har informert eigaren om dette så nå er det satt igang eit lite opprenskingsprosjekt der.

Nå har vi i alle fall skrive under leieavtale på eit hus rett borti høgget for hytta her, og er veldig tilfreds med det!
Ellers så går vi på Colleens og drikk kaffe kvar morgon og, stopper gjerne ein liten tur i Paia før vi kjører ned på Kanaha Beach for å sjekke vinden. Ja, og så har vi hatt ganske mange stopp på Kanaha Kai for å sjå på og kjøpe nye brett.

LIvet på Maui er ganske OK for å si det mildt!

tirsdag 26. april 2011

Her og der rundt der vi bur.

Utsikta frå hytta vår.

Vidar sit å beundrar dei nye bretta sine.....nei, han les visst avisa.

Dodge.

På veg gjennom Paia.

...og så stranda med ivrigaste Idunn.