tirsdag 10. juni 2008

Meir vind!

Vindmeldingane for tysdagen var veldig bra, men dei slo ikkje heilt til, dessverre. Vindretninga var litt feil så vinden varierte frå full spikar til nada. Brettseiling blir vanskeleg da, enda vanskelegare enn til vanleg. Jo var med ut til Larkollen og fekk ilddåpen sin med brett og seil. Frustrasjonen meldte seg etterkvart, men det var neimen ikkje rart med den psykovinden. Opp på brettet for så å bli meia ned i vatnet av enten lite samarbeidsvillig brett, seil, vind eller vatn. Det skjer nesten kvar gong i byrjinga, men det blir betre etter kvart! For meg sat vannstarten i dag og (stort tilfreds smil på frk Haugen).

Jo gjer one hand in the air drag along!

mandag 9. juni 2008

VIND!


Endeleg byrja det å blåse! Eg og Vidar pakka utstyret og reiste ut til Larkollen, forventningsfulle som få. Larkollen svikta ikkje. Her bles det bra ja. Vi rigga utstyret og kom oss på vatnet. Skal ikkje gå gjennom alle detaljane av kva som skjedde, men prøver meg på eit kort samandrag av min dag. Eg fekk eit lite gjennombrot på fleire ting:
  • Fekk plassert begge føtene i fotstroppane
  • Fekk hekta innpå trapesen
  • Kom i plan med føtene i fotstroppane og i trapes (GØY!)
  • Greidde fleire vannstartar
Skulle ha teke bilde av seansen, men eg var rett og slett for ivrig til å gå bort i bilen for å hente kameratet. Utslitte, men blide og tilfredse kjørte vi heim til Kolsås. Godt å finne senga etter ei slik runde på vatnet. Nå ser eg fram til neste dag med vind......

Det vart ein stor dag for frk. Haugen!

søndag 8. juni 2008

Megaløkenhavna

I går var det klatring på Løkenhavna, eller på Megaløkenhavna som er namnet på den delen vi klatrar. I Løkenhavna er det for det meste utelukkande svært tung klatring, men på Megaløkenhavna er det ein del lettare ruter. Ikkje for det, Vidar og Øyvind er i gang med å lede ruter på 7-talet så det byrjar å kome seg for dei to. Eg derimot er ikkje der. Har byrja å lede igjen, men vågar meg på berre 5`er ruter. Greier å karre meg opp 6`er ruter på topptau, på ein god dag. I dag greidde eg ikkje det ein gong. Eg skal slutte med den klatringa. Det vart vel konklusjonen etter å ha sklidd av gong etter gong på ei 6- rute. Vi får sjå kva det blir til. Eg er litt mildare stemt til klatringa i dag. Ivriggutane Vidar og Øyvind er og klatrar nå, før vindsurfinga. Det er nemleg meldt vind i dag. Eg gler meg til det og været er like fint!

Vurdering av rutene. Øyvind er fin i høg blå hjelm!

I dag var det tungt.

Mjuk?

Vidar i fin positur.

Han står faktisk på bakken og heldt seg fast...

Laurdagsfrukost

Det skal vi ha eg og Vidar, vi er flinke til å ete frukost. Spesielt er vi flinke på lange frukostar med mykje godt å ete, nylaga juice, avis og ikkje minst kvar sin kaffe latte, eller kaffe med mjølk om du vil.

Været er like fint. Går og ventar på vind. Den skal koma litt utpå dagen om sundagen i fylgje Windguru. Vi gler oss!

Frukosten sin!

Godstolen i epletreet

fredag 6. juni 2008

Det var den seilturen.....


Tom hadde invitert oss med på seiltur i dag. Det gjekk på denne måten. Med litt dårleg tid som utgangspunkt deisa bilen inn i fortauskanten like ved folkemuseet på Bygdøy og bang, flatt dekk. Turen vår endte i alle fall ikkje på ein seilbåt ute i Oslofjorden. I staden fann vi ut at det var annan dimensjon på mutterane på reservedekket enn på det som punkterte. Vi fann ut at det var dumt å legge att skiftnøkkelen og alle fastnøklane (som normalt ligg i bilen) på Kolsås. Vi fann ut at ei rørleggertang ikkje egna seg til å stramme mutterane og ikkje minst fann vi ut at reker tiner ganske fort når det er 30 varmegrader. Vi har lært mykje i dag. Noko fekk vi altså ut av kvelden......

mandag 2. juni 2008

Så sliten, så sliten....


I dag har eg starta opp att på arbeid, men det er ikkje det som har gjort meg så sliten. Det er nemleg syklinga til og fra jobb. Det er eit lite stykke til og fra Oslo, rundt to mil, ein veg. For reknespesialistar blir det ikkje vanskeleg å kome fram til at eg har sykla 4 mil i dag. I tillegg så har eg testa dei nye sykkelskoa (på bildet) og, ikkje minst, spd-pedalar. Eg har ein kommentar til det opplegget der, SKUMMELT! Likevel så ser eg heilt klart at syklinga kan bli litt meir effektiv. MEN eg ser ikkje fram til den dagen eg ikkje får løyst meg frå pedalane og går i bakken med eit høglydt vræl! Eg får freiste lukka att i morgon. Nå må eg rett og slett leggje meg skal eg orke å sykle den lange vegen til byen i morgon og....phu!

lørdag 31. mai 2008

Klatring på Kolsås.

Kl 10.00 i dag tidleg var det dekka til frukost ute i hagen vår. Jo, Robert Bråten, Øyvind, eg og Vidar sola oss gjennom ein god og lang frukost før vi tasla oss opp på Kolsåstoppen for å teste ut klatringa der oppe. Eg trur alle saman er enige om at det vart ein bra dag. Jo vart solbrent, Vidar brun og Øyvind sliten. Nå har eg, Vidar og Øyvind grilla og kosa oss. Det var nemleg på høg tid med litt mat. Øyvind var berre så vidt han greidde å tygge maten så sliten var han. Legg ved eit bilete av Kolsåstoppen. I det kvite huset nederst i venstre hjørnet der bur vi!