tirsdag 10. juni 2008

Meir vind!

Vindmeldingane for tysdagen var veldig bra, men dei slo ikkje heilt til, dessverre. Vindretninga var litt feil så vinden varierte frå full spikar til nada. Brettseiling blir vanskeleg da, enda vanskelegare enn til vanleg. Jo var med ut til Larkollen og fekk ilddåpen sin med brett og seil. Frustrasjonen meldte seg etterkvart, men det var neimen ikkje rart med den psykovinden. Opp på brettet for så å bli meia ned i vatnet av enten lite samarbeidsvillig brett, seil, vind eller vatn. Det skjer nesten kvar gong i byrjinga, men det blir betre etter kvart! For meg sat vannstarten i dag og (stort tilfreds smil på frk Haugen).

Jo gjer one hand in the air drag along!

1 kommentar:

  1. ja - pare ve døkk! Det einaste som skjer her når det er vind, er at den store hengepetuniaen får huska seg

    SvarSlett