søndag 22. juni 2008

Helg igjen!

Eg har ikkje vore noko flink til å skrive denne veka. Det har på ein måte gått i eitt. Eg har sykla til og fra jobb, møtt Ingvill, vore ein tur hjå Ingrid, hatt ein bomtur til Larkollen tysdag, vore på sommaravslutning i avdelinga på jobb og sist, men ikkje minst så har eg hatt ein GODtur til Larkollen. Det var fredag og det bles EIN DEL! Eg fekk trena inn vannstarten, nå trur eg at den sit. Etter 5 timar med kjemping med og mot vinden i vatnet var både eg og Vidar heilt utkjørt. Kroppen var så vond etter all kjempinga at det var vanskeleg å sovne om kvelden enda kor trøytt eg var. Laurdagsmorgonen var det sjølvsagt klart for klatring igjen, oppe på Megaløkenhavna. Eg har funne meg eit lite prosjekt der, ei 7- rute. Vidar og Øyvind har eit 7+ prosjekt. Skal koma attende med rapport på korleis det går. Vidar imponert i alle fall med å lede ruta med eit heng.

Middag må vi ha når det er helg og kva er vel betre enn å få besøk av gode venner for å dele måltidet med. Ikkje mykje som kan måle seg med det. Øyvind var alt på plass etter klatringa, så han var ein sjølvskriven gjest. Thomas er gressenkemann om dagen så han tok med seg Karo og dukka opp. Tilslutt så ramla Bengt og Solveig inn. Da var det berre å gafle innpå!

Meny

Spekeskinke og parmesanost
servert med balsamico og jordbær

***

Grilla ananas- og
appelsinmarinert kyllingbryst med
ovnssteikte mandelpoteter og appelsinsjysaus

***

Søte norske jordbær med
brownie- og karamelliskrem



Blide, gode og mette!

Solveig tester ein Caipirinha, meir sukker og den vart godkjent!

7 kommentarer:

  1. Nam nam! Eg og vil komme på middag hos dere!
    Høres ut som du har hatt en fin helg. Deilig å komme igang med oppussing! Det må vi også snart :)Skal vi satse på å preikast i løpet av uken en gang?

    SvarSlett
  2. Jaaa! Både prate og gjerne ein middag:) Synd dykk bur så innihampen langt unna.Iteori burde vi ha ete middag saman både titt og ofte. Nuvel, i skrivande øyblikk så minner det frykteleg om Vestlandet her, det styrtregner nemleg!

    SvarSlett
  3. Det er ikke rart Bagatelle mistet stjernen i Michelin Guiden... Brit og Vidar har jo kommet seg ned fra fjellet :-)
    -- Thomas --

    SvarSlett
  4. Trur jammen det må bli siste gang Thomas er gressenkemann!! Her har eg gått glipp av noko stooort ser eg!!

    SvarSlett
  5. Var det den Caipirinha`en du tenkte på eller?;)

    SvarSlett
  6. heheh takkar jo sjeldan nei;) Men må innrømme at den menyen har eg lyst å sjekke ut i praksis!! Men du, når har du ferie. Klar for lunsj att snart og kanskje ein middag hos oss neste veke? Denne veka er litt pakka på kveldstid...

    SvarSlett