Fredag var det klatretid igjen. Eg, BT ( med kneproblem) og Øyvind (med ryggproblem ), eller handicaplaget med ledsager som vi og blir kalla, tusla oss opp til Megaløkenhavna. Dessverre fekk vi gjort berre oppvarminga. Brått byrja det å dundre over hovudet på oss. Det var Tor med hammaren som drog til med eit slag og når han byrjer bråke betyr det at det er nedbør i vente. Ganske riktig, og det til tross for Øyvinds godværsoptimisme, så byrja det å hølje ned. Vatnet rann nedover klatreveggen og det var berre å reise heim igjen, men det var triveleg så lengje det vara!
Snart kommer kanskje nokre bilder av Brit sjøl? Stoooor klem!!!
SvarSlettHe he! Det er ikkje så lett å ta bileter av seg sjølv når ein klatrer! Jauda....det er berre at dei slepp ikkje gjennom sensuren:D
SvarSlettStor klem attende!
Du må kanskje finne en senurør som gjør litt slettere arbeid ;) hihi
SvarSlett