lørdag 7. mai 2011

God start på dagen.

Nok ein gong så sender Vidar MEG ut for å sjekke ut det med yoga. Pliktoppfyllande som eg er så sto eg opp tidleg, drog på meg yoga drakta (den er rå!), og pila bort til Studio Maui. Ein kan seie kva ein vil om denne yogagreia. At det er ein typisk in-sport, og at det berre er for sære veganarar, at ein ikkje treng akkurat det der i livet sitt. Det eg har kome fram til er at KROPPEN HAR SÅ GODT AV DET!! Forstår eigentleg ikkje kvifor eg ikkje gjer det oftare. Randi Rust, du kan førebu deg på eit besøk på Studio Maui når du kjem ned hit. Bjørn Terje, du også!!

Hadde på den store linsa så fekk ikkje plass til føtene.

2 kommentarer:

  1. Imponerende Vidar! :-) Snakket med Randi Rust i går, hadde lyst til å ringe dere å skravle litt, og tenkte at hun sikkert hadde nummeret til mobilen deres. Men skjønte at det kun var Facebook som gjaldt oppe i Sjåk...

    Får besøk av BT i kveld, han jobber jo nesten 24-7 om dagen for å bli ferdig til han skal reise. Tror han er rimelig klar for å komme seg av gårde...

    Tøft bilde av Idunn og han dykkeren forresten! :-)

    -Øyvind

    -Øyvind

    SvarSlett
  2. Hei kjære Øyvind! Det er berre å ringe på telefonen viss saknet blir for stort. Hadde satsa på min mobil ;) Fint å ringe ved 9-10 tida på kvelden for deg. Klokka er tilsvarande på morgonen her på det tidspunktet. Da sit vi som oftast å drikk litt kaffe eller chai, medan Idunn har morgonduppen sin....
    Gode dagar her nede ja!
    I dag har det blåst greit og eg byrjer å få litt kontroll på brettet mitt. Greidde til og med å vannstarte i nesten 0 vind i dag. Ellers så såg Vidar flygefisk i dag!! Dei dukka opp rett ved brettet hans (i lufta!) medan han var utpå.
    Har også hatt ei ny runde med yoga på morgonkvisten i dag. Resultatet av det er at eg nå er på tur til å bli så støl og stiv som eg sjeldan har vore før. Det gjer sikkert godt for skrotten, på sikt ;)
    Hels HS kjempemykje!!
    KLÆM!

    SvarSlett