lørdag 14. mai 2011

IDUNN 1 ÅR!!

Tenk det, nå er dotter vår eitt år. Lita, men likevel stor. Eg glytta litt ekstra på ho i dag tidleg der ho satt og kvitra i senga. Så utruleg klar for å ete morgongrauten sin. At Idunn blir eitt år er ekstra spesielt for meg og Vidar. Det er ikkje alle som får moglegheit til å feire eittårsdagen sin nemleg. Eg har nesten ikkje trudd på at Idunn skulle bli eitt år, men det er ho altså, i dag. Det er så utruleg flott at eg kan nesten ikkje få sagt det!

Dagen starta altså med den sedvanlege havregrauten til frukost, men etter frukosten skjedde noko som ikkje har skjedd før for Idunn. Filmstnuttane som nå kjem er nok for spesielt interesserte (bestemødre/fedre, onklar og tanter....). Men kven som helst kan nyte synet av ei kakeetande lita eittårig jente som heiter Idunn (og synginga som heldt svært høg kvalitet!).



3 kommentarer:

  1. Suverent! Eg har ete jordbær og tenkt på jubilanten. Ho takla muffinsen på ein god måte, ho var nok meir overrumpla over sangen. Ynskjer døkk fortsatt fine maidagar.

    SvarSlett
  2. Rot og gris! Men så herlig herlig:))
    PS: Jeg faller definitivt inn under kategorien "besteforeldre og onkler/tanter".

    Klem ingrid

    SvarSlett
  3. Herlig!!!
    Det er fantastisk moro med ett-åringer. Kos dere og nyt livet. :-)

    PS: Jeg regner meg også inn i kategorien spesielt interessert, så jeg har sett videoen med stor glede. :-)

    Turid

    SvarSlett