tirsdag 17. mai 2011

Det er storleiken det kjem an på.....

Blankt og fint, og heldigvis ikkje for dyrt. Eigar er tilfreds. Endeleg skal han plane heile dagen.

God hjelp å få frå Idunn.

Meeeeen det er ikkje alltid ho er like villig til å gje slepp på skrujernet.
Ein liten trilletur i merkeleg skog med livlaus skogbotn.
Vidar er tankefull. Kjem det meir vind nå når han har kjøpt seg større segl?

I går: Jepp, så sat vi der da. Med eit nytt segl. 5,3, stort og fint. Ikkje stort nok til å segle på måkefis, men ok storleik for meg og Vidar.
I dag: Og kva skjedde? Vinden kom sjølvsagt på FULL spikar, så nå har vi berre for store segl. Vi ynskjer oss ein 3,7. Her er nokre bilete og ein filmsnutt frå dagens bravader.



Vind så det held, folk ligg strødd!

Landinga etter eit sjukt bra triks!

2 kommentarer:

  1. Ha ha, typisk! Da er det bare å løpe å kjøpe et nytt 3,7 seil... :-) Har BT landet trygt? Du får hilse han i såfall å si at det var veldig koselig at han var innom på middag får han dro! :-) -Øyvind

    SvarSlett
  2. Hei Øyvind! Typisk ja:D I dag har det vore pausedag før det skal dra seg skikkeleg til med vind til helga. BT har landa og har fått shoppa surfbrett i dag, og 5fingersko! Han skal opp grisetidleg i morgon og ta nokre bølger med brettet sitt. Nå er klokka 9 på kvelden og eg sit her aleine!! Alle dei andre har gått og lagt seg....FOR EIN GJENG!!!!Du burde definitivt ha vore her slik at eg hadde hatt nokon å skravle med på kvelden! Ha ein god dag og hels!

    SvarSlett